Smarte straummålarar gir ikkje farleg stråling
Strålinga fra smarte straummålarar er kortvarig og svak – og ikkje helsefarleg.
Innan 1. januar 2019 skal alle husstandar i Noreg ha installert såkalla smarte eller automatiske straummålarar (strømmålere, smartmålere). Her blir straumforbruk som er lese av, automatisk overført frå kunde til netteigar.
Desse målarane har fleire teknologiar. Nokre sender signal via straumnettet, medan andre sender via mobilnettet eller via radionettverk. Felles for desse teknologiane er at strålinga er kortvarig og svak, og ikkje helsefarleg.
Les stråleverninfo fra direktoratet her.